o m

Eg er utdanna klassisk sopran og songpedagog med mastergrad ifrå Barratt Due Musikkinstitutt, Norges Musikkhøgskule og Royal Scottish Academy of Music and Drama. Eg har jamnleg teke på meg songoppdrag sidan ung alder og eg har lang erfaring også som songpedagog.

Yoga og meditasjon har eg undervist no i 14 år. Eg har mi grunnutdanning i dynamisk vinyasabasert viryayoga frå Nordiska Yogainstitutet samt ulike påbyggingsutdanningar innan terapeutisk yoga, yin yoga/insight yoga, gravid- og barselyoga.

Eg ser meg sjølv både som ein formidlar, ein utøvar og ei som skapar, men alltid ein evig student.

Mitt arbeid med utøvande song er fundert i eit djupt ynskje om å oppleve flyt og kunne ha moglegheita til å formidle noko som beveger andre. Som songpedagog søkjer eg etter å guide deg til den fridomen som mogleggjer at du kan uttrykke deg gjennom di unike røyst. Som yoga- og meditasjonslærar bringer eg alltid med meg hjarte og audmjukheit og ynskjer å kunne guide mine deltakarar til indre styrke både på matta og av. Eg komponerer, skriv og fangar augeblikk som ein tilstadeværelsepraksis og har det intuitive som drivkraft for mi skaparkraft.

Mitt arbeid er sett saman av fleire delar. Ein del foregår heime ved flygelet, der eg øver til neste konsert. Ein del er i konsertsituasjon, då eg får omskape augeblikket gjennom songutøving. Ein del bringer meg heim att med notatboka og yogamatta der eg planlegger neste samling. Ein del byr på det ansvaret og store privilegiet som det er å site i lærarsetet, anten det er foran eit fullsatt rom eller gjennom nære møter 1:1. Ein stor del handlar om å lytte til intuisjonen, og anvende den som eit skapande verktøy. For meg verker ikkje dette arbeidet som fleire delar, men som ein heilskap, der delane fullender kvarandre. Det er arbeid som nærer meg og som eg alltid ynskjer å dele.

Eg er evig fascinert over rikdomen som finst i nærvær og tilstadeværelse. Klarheita som vert avdekka i meditasjon. Den unike flyten som oppstår når man som utøvar klarar å frigjere seg frå sine hindringar og berre vere ein kanal for materialet. Opplevinga og krafta av kreativ og intuitiv skaparkraft. Kor sterk ein kan kjenne seg når ein har verktøy og teknikkar. Kor sårbar og mjuk ein kan tillate seg sjølv å verte når ein kjenner seg trygg. Kor ord kan skildre i det uendelege, binde oss saman og rome so mykje håp. Kor musikk kan strekke til når me ikkje maktar å finne orda. Kor menneske kan kome saman og dele augeblikket. Kor rørsle er medisin. Kor pusten lever i takt med alle våre skiftingar. Kor det å finne si røyst er ei botnlaus reise som byr på so mykje meir enn det å synge reint og vakkert. Eg er evig fascinert av røyst og rørsle og tilstadeværelse er drivkrafta for mi skaparkraft.

Etter mange år med studier, songutøving og yogaundervisning i Oslo og på Nesodden gjekk vegen tilbake til røtene, til fjord og fjell, og saman med min ektemann har eg overteke Gamle Skrivargarden i Volda. Her bur me, saman med våre to gutar samt at me, tone for tone, andetak for andetak, pustar liv i dette gamle, ærverdige bygget. Les meir her.

U T D A N N I N G //

  • Insight Yoga Teacher Training med Sarah Powers 2019
  • Gravideyoga Lærarutdanning Oslo Yoga 2014
  • Master Utøvande klassisk song Barratt Due/NMH 2011 – 2013
  • Påbyggingskurs Virya Yoga Nordiska Yogainstitutet 2012
  • Yogaterapi med Sundari Lucey 2011
  • 200 h Virya Yoga Teacher Training Nordiska Yogainstitutet 2009 – 2010
  • Bachelor i utøvande klassisk song og vokaldidaktikk PPU Barratt Due 2006-2010
  • Erasmus Exchange Voice The Royal Conservatoire of Scotland 2008-2009
  • Drama mellomfag Høgskulen i Volda 2004 – 2005
  • Musikalutdanning 2002 – 2003 Bårdar Akademiet
  • Volda vgs Musikklina 1999 – 2002