ei fjøyr i vårt indre

No i ein av årets siste dagar stod det med eitt so klårt og tydeleg for meg. I det kvardagslege livet som bringer med seg so mykje logistikk, rutiner, ansvar, forventningar, krav og maskulin energi, so vert det ikkje plass til det det romet som bringer med seg det skapande, det intuitive, det feminine, det opplevde romet der idéane flyt forbi og eg er der, tilstades for å fange dei opp og med det gjere noko lite til noko større.

Slik André Bjerke skriv det:

«For kunsten er mer enn et fag, den er mere enn kallet for utvalgte få 

– den er formende kraft i oss alle. 

Den er alt som er fruktbar uro, en fjær i vårt indre, 

en drift som vil skape et større av det som er mindre».

Romet finst. Heldigvis alltid, også i det kvardagslege. Det skal berre ha litt mjuke veggar og ei dør som står på gløtt.

1/2024